2 Må ikkje ein slik ordflaum få svarså ikkje pratmakeren får rett?
3 Tomsnakket ditt får folk til å teia.Du spottar utan skam.
4 Du seier: «Min lærdom er rett.Rein er eg i dine auge.»
5 Berre Gud ville talaog opna leppene mot deg!
6 Då ville han fortelja deg visdomens løyndomarog gje deg dobbel innsikt:Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.
7 Kan vel du måla Gud,kan du kjenna Den veldiges grenser?
8 Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?