1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, de snakkar som folk flest,med dykk døyr nok visdomen ut!
3 Men eg òg har forstand,eg står ikkje tilbake for dykk.Kven kjenner ikkje til alt dette?
4 Eg er til lått for venene mine,eg som ropa til Gud og fekk svar,til lått, eg som er rettferdig og from!
5 «Gløym ulukka», tenkjer den sorglause,«ho rammar berre han som snublar.»
6 Telta til valdsmenn får stå i fred;trygge er dei som utfordrar Gudog trur dei har han i si hole hand.