3 Likevel held du auge med det,du stemner meg for din domstol.
4 Kan det koma ein rein av ein urein?Nei, ikkje ein einaste.
5 Når dagane til mennesket er fastsette,når du har bestemt månadstalet for det,sett grensa det ikkje kan bryta,
6 vend då blikket bort og lat det vera,så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.
7 For eit tre finst det håp:Blir det felt, veks det opp att,det skal ikkje mangla friske skot.
8 Om røtene i jorda blir gamleog stubben morknar i støvet,
9 så spirer det på nytt ved eimen av vatn,set skot som eit nyplanta tre.