9 så spirer det på nytt ved eimen av vatn,set skot som eit nyplanta tre.
10 Men når mannen døyr, er det ute med han;når mennesket går bort, kvar er det då?
11 Slik vatnet forsvinn frå sjøen,slik elva minkar og tørkar ut,
12 slik ligg mannen og reiser seg ikkje.Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,han står ikkje opp frå søvnen.
13 Om du ville gøyma meg i dødsriket,løyna meg til vreiden din er over,setja ein frist og så igjen hugsa på meg!
14 Kunne ein mann som døydde, få liv att,då skulle eg halda ut i stridenheilt til det kom avløysing for meg.
15 Då kunne du ropa, og eg ville svara,for du lengta etter dine henders verk.