1 Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2 Ville ein vis svara med luftige meiningarog fylla lungene med austavind,
3 forsvara seg med gagnlaus tale,med ord som ikkje duger?
4 Sjølv gudsfrykta bryt du ned,det blir mindre ettertanke for Guds andlet.
5 Det er synda di som lærer opp munnen,du vel eit listig språk.
6 Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg.Leppene vitnar mot deg.
7 Vart du kanskje fødd som det første mennesket,vart du til før haugane var til?