24 Naud og trengsle skremmer han,som stridsklare kongar overmannar dei han.
25 Han har lyft si hand mot Gudog strider mot Den veldige,
26 stormar mot han med krum nakkebak eit tjukt og boge skjold.
27 Andletet hans svulmar av feitt,han legg på seg rundt hoftene.
28 Men han må slå seg ned i øydelagde byarog i hus der ingen kan bu,hus som er dømde til å leggjast i røys.
29 Han blir ikkje rik, hans makt blir ikkje ståande;grøda bognar ikkje på jorda hans.
30 Han slepp ikkje unna mørkret;heten svir av dei friske skota,og munnen sluttar å pusta.