6 Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg.Leppene vitnar mot deg.
7 Vart du kanskje fødd som det første mennesket,vart du til før haugane var til?
8 Lytta du då Gud heldt råd?Heldt du visdomen for deg sjølv?
9 Veit du noko som ikkje vi veit?Forstår du noko som ikkje vi forstår?
10 For også mellom oss finst gråhåra og gamle,rikare på dagar enn din eigen far.
11 Er Guds trøyst og hans milde ordfor lite for deg?
12 Kvifor gjer hjartet deg uroleg?Kvifor himlar du med auga?