12 Eg levde i fred, då riste han meg,greip meg i nakken og slo meg sund.Han sette meg opp som skyteskive,
13 pilene hans kom imot meg frå alle kantar.Utan medynk gjennombora han nyrene mine,gallen rann til jorda.
14 Han flengde meg opp, sår på sår,storma mot meg som ein krigar.
15 Sekk har eg sydd til kroppen min,eg har lagt mi kraft i støvet.
16 Andletet er raudt av gråt,det svartnar for auga,
17 endå hendene ikkje er merkte av valdog bøna mi er rein.
18 Å, jord, gøym ikkje mitt blod,legg ikkje mitt skrik i grav!