14 Han flengde meg opp, sår på sår,storma mot meg som ein krigar.
15 Sekk har eg sydd til kroppen min,eg har lagt mi kraft i støvet.
16 Andletet er raudt av gråt,det svartnar for auga,
17 endå hendene ikkje er merkte av valdog bøna mi er rein.
18 Å, jord, gøym ikkje mitt blod,legg ikkje mitt skrik i grav!
19 Framleis har eg eit vitne i himmelen,éin i det høge som talar mi sak.
20 Venene mine spottar meg,i gråt vender eg auga mot Gud.