3 Blir det ikkje slutt på tomme ord?Kva er det som driv deg til å svara?
4 Eg kunne òg ha tala slik som dedersom det var dykkar liv det gjaldt, og ikkje mitt.Eg kunne ha halde fine talarog rist på hovudet av dykk.
5 Eg ville sett mot i dykk med munnenog lagt band på mine skjelvande lepper.
6 Talar eg, blir mi smerte ikkje mindre.Held eg opp, blir ho ikkje borte.
7 Men no har han gjort meg trøytt.Du utrydda alle som høyrde meg til.
8 Du greip meg, og det vart eit vitnemål mot meg.Mi vanmakt talar meg rett opp i andletet.
9 Hans vreide riv sund, han forfølgjer meg!Han skjer tenner mot meg,fienden min dolkar meg med blikket.