1 Livskrafta mi er broten, dagane mine tek ende,berre grava står att.
2 Spottarar omgjev meg,auget må dvela ved deira motstand.
3 Ta vare på mitt pant hos deg!Kven elles skulle gje meg handslag?
4 Du har stengt hjartet deira for innsiktog lèt dei oppnå lite ære.
5 Ein mann fortel vener om delinga av arvenmedan auga til borna sloknar.
6 Han har gjort meg til eit ordtak for folk,til ein som dei spyttar i andletet.
7 Auga mine er sløva av sorg,og lemene er som ein skugge.