9 Den rettferdige held fast på sin veg,for reine hender gjev større styrke.
10 Men kom berre hit, alle saman!Eg finn ingen som er vis mellom dykk.
11 Dagane mine tek slutt,planane mine ligg knuste,ja, mine inste lengsler.
12 Dei gjer natta til dag,seier lyset er nær sjølv om det er mørkt.
13 Kva har eg å vona på?Dødsriket er min bustad,i mørkret reier eg mi seng.
14 Eg ropar til grava: «Du er min far!»og til makken i jorda: «Mi mor og syster!»
15 Kvar er mitt håp?Kven kan vel få auge på det?