4 Raseriet ditt riv deg sund.Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,og berget flytta seg?
5 Lyset til den urettferdige brenn ut,logen frå elden lyser ikkje meir.
6 Lyset i teltet hans går ut,og lampa sloknar for han.
7 Hans sterke steg blir hindra,hans eigen plan feller han.
8 Føtene hans går i garnet,han blir fanga i nettet.
9 Ei snare sit rundt hælen,ei lykkje held han fast.
10 Eit reip ligg gøymt på jorda,ei felle på hans stig.