7 Hans sterke steg blir hindra,hans eigen plan feller han.
8 Føtene hans går i garnet,han blir fanga i nettet.
9 Ei snare sit rundt hælen,ei lykkje held han fast.
10 Eit reip ligg gøymt på jorda,ei felle på hans stig.
11 Redslene omringar han,dei jagar i hælane på han.
12 Ulukke hungrar etter han.Undergang ventar på hans fall.
13 Sjukdom fortærer huda hans.Dødens førstefødde et han opp.