4 Har eg verkeleg feila,så må eg sjølv leva med feilen.
5 Vil de heva dykk over meg,så vis at mi vanære er fortent!
6 Men vit at Gud gjer meg urettnår han spenner sitt garn omkring meg.
7 Eg ropar om vald utan å bli høyrd.Eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.
8 Han stengjer vegen, eg når ikkje fram.Han legg mine stigar i mørker.
9 Æra tek han frå meg,riv krona av hovudet mitt.
10 Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.