7 Eg ropar om vald utan å bli høyrd.Eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.
8 Han stengjer vegen, eg når ikkje fram.Han legg mine stigar i mørker.
9 Æra tek han frå meg,riv krona av hovudet mitt.
10 Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.
11 Vreiden hans flammar mot meg,han reknar meg som sin motstandar.
12 No kjem alle troppane hans,dei marsjerer mot megog omringar teltet mitt.
13 Brørne mine held seg på avstand,kjenningane mine er som framande.