3 Vel må eg lytta til refs og hån,men krafta frå min forstand gjev meg svar.
4 Du veit at slik har det alltid vore,heilt sidan mennesket vart sett på jorda;
5 dei urettferdige jublar ei kort tid,den ugudelege gleder seg ein augneblink.
6 Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgtog hovudet når til skyene,
7 går han likevel til grunne som skit.Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»
8 Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.Han svinn som eit syn om natta.
9 Auget som såg, ser han ikkje lenger,han er ikkje på heimstaden sin.