7 går han likevel til grunne som skit.Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»
8 Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.Han svinn som eit syn om natta.
9 Auget som såg, ser han ikkje lenger,han er ikkje på heimstaden sin.
10 Borna hans må søkja godvilje hos fattige;med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.
11 Ungdomskrafta som fylte beina,kviler no med han i støvet.
12 Det vonde er søtt i hans munn,han gøymer det under tunga.
13 Han smattar på det utan å svelgja,trykkjer det mot ganen.