12 Dei syng til tromme og lyreog jublar til fløytetonar.
13 Dei nyt sine dagar i lukkeog går til dødsriket utan smerte.
14 Men til Gud seier dei: «Gå frå oss!Vi har ikkje lyst til å kjenna din veg.
15 Kven er Den veldige, kvifor skal vi tena han?Kva får vi att for å kalla på han?»
16 Ingen har lukka i si eiga hand.Lat råd frå urettferdige vera langt frå meg!
17 Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige?Kjem vel ulukke over dei,smerta han deler ut i sin vreide?
18 Blir dei som strå i vinden,som agner stormen sopar bort?