28 For de spør: «Kvar er stormannens hus?Kvar er vel teltet der dei lovlause budde?»
29 Har de ikkje spurt dei vegfarande?Har de ikkje forstått det dei varslar?
30 For på ulukkedagen blir den vonde spart,på vreidedagen blir han berga.
31 Kven stiller han til ansvar for hans livsferd,kven krev han for det han har gjort?
32 Nei, han blir boren til grava,og ved gravkammeret held dei vakt.
33 Han kviler mjukt i molda i dalen.Alle vil følgja etter,og ei tallaus mengd har gått føre.
34 Korleis kan de trøysta meg med tom trøystog svara meg med svik?