3 Ber over med meg medan eg talar;når eg har tala, kan de spotta.
4 Klagar eg over mennesket?Har eg ikkje då grunn til å vera utolmodig?
5 Sjå på meg! Bli forskrekka!Hald dykk for munnen!
6 Når eg tenkjer tilbake, blir eg skremdog skjelv over heile kroppen.
7 Kvifor får dei urettferdige leva,bli gamle og rike?
8 Borna er trygge hos dei,dei ser etterkomarar veksa opp.
9 Huset har fred frå redsler.Gud bruker ikkje stokken på dei.