17 Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!Kva gjer vel Den veldige for oss?»
18 Men han hadde fylt husa deira med alt godt.Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!
19 Dei rettferdige såg det og jubla,dei uskuldige spotta:
20 «Der forsvinn motstandarane våre,og elden fortærer restane.»
21 Forlik deg med han og slutt fred,så får du alt godt tilbake.
22 Ta imot rettleiing frå hans munn,legg deg talen hans på hjartet.
23 Vend attende til Den veldige,så får du oppreising.Hald urett borte frå teltet ditt!