2 Framleis er klaga mi trassig,endå eg dempar mine stønn med hard hand.
3 Om eg berre kunne finna han,stiga inn i hans tronsal,
4 då ville eg leggja fram mi sak for han,fylla munnen med motbevis.
5 Då kunne eg få vita kva han ville svara,og forstå kva han vil seia meg.
6 Ville han bruka si store makt i saka mot meg?Å nei, han ville nok høyra på meg.
7 Så drøfte eg saka ærleg med han,og dommaren sette meg fri for alltid.
8 Går eg mot aust, er han ikkje der,går eg mot vest, merkar eg han ikkje.