9 Arbeider han i nord, veit eg det ikkje.Og snur han mot sør, ser eg det ikkje.
10 Men han kjenner den vegen eg følgde.Prøver han meg, kjem eg ut som gull.
11 Føtene mine gjekk i hans spor,eg følgde hans veg og veik ikkje av.
12 Eg braut ikkje boda frå leppene hans,orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.
13 Han er den einaste; kven kan hindra han?Det han har lyst til, det gjer han.
14 Han fullfører det han har fastsett for meg,og meir av same slag har han i tankar.
15 Difor er eg redd for å møta han.Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk.