11 Dei pressar olje mellom trerekkjene,dei trakkar vinpressa, men tørstar.
12 Frå byen høyrest stønn av døyande,såra skrik om hjelp.Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.
13 Andre gjer opprør mot lyset.Dei kjenner ikkje lysets vegar,held seg ikkje til lysets stigar.
14 Ein mordar står opp før sola,han drep hjelpelause og fattige,om natta er han som ein tjuv.
15 Horkarens auge vaktar på skumringa:«Ingen ser meg», seier hanog dekkjer andletet til.
16 I mørkret bryt dei seg inn i hus.Om dagen stengjer dei seg inne:Dei vil ikkje vita av lyset.
17 For dei er dødsskugge som ein morgon.Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.