13 Andre gjer opprør mot lyset.Dei kjenner ikkje lysets vegar,held seg ikkje til lysets stigar.
14 Ein mordar står opp før sola,han drep hjelpelause og fattige,om natta er han som ein tjuv.
15 Horkarens auge vaktar på skumringa:«Ingen ser meg», seier hanog dekkjer andletet til.
16 I mørkret bryt dei seg inn i hus.Om dagen stengjer dei seg inne:Dei vil ikkje vita av lyset.
17 For dei er dødsskugge som ein morgon.Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.
18 Dei forsvinn som krusingar på vatnet.Deira arvedel i landet er forbanna,ingen tek vegen til vinmarkene deira.
19 Tørke og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker dei som syndar.