16 I mørkret bryt dei seg inn i hus.Om dagen stengjer dei seg inne:Dei vil ikkje vita av lyset.
17 For dei er dødsskugge som ein morgon.Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.
18 Dei forsvinn som krusingar på vatnet.Deira arvedel i landet er forbanna,ingen tek vegen til vinmarkene deira.
19 Tørke og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker dei som syndar.
20 Morslivet gløymer dei,makken fortærer dei,ingen minnest dei meir.Uretten blir knekt som eit tre.
21 Dei var vonde mot den barnlause, ho som ikkje fødde,og gjorde ikkje godt mot enkjer.
22 Gud riv dei sterke bort med sin styrke.Når han reiser seg, er ingen sikker for sitt liv.