8 Regnet i fjellet gjer dei våte.Utan livd trykkjer dei seg mot berget.
9 Somme riv farlause born frå morsbrystet.Dei krev pant av fattige,
10 av dei som går omkring utan klede,dei som svoltne må bera på kornband.
11 Dei pressar olje mellom trerekkjene,dei trakkar vinpressa, men tørstar.
12 Frå byen høyrest stønn av døyande,såra skrik om hjelp.Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.
13 Andre gjer opprør mot lyset.Dei kjenner ikkje lysets vegar,held seg ikkje til lysets stigar.
14 Ein mordar står opp før sola,han drep hjelpelause og fattige,om natta er han som ein tjuv.