2 Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann,ein reddande arm for den kraftlause!
3 Kor du gjev råd til den som manglar visdom,for ei innsikt du gjev han!
4 Kven lærte deg å tala?Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?
5 Daudingane skjelv,vatnet der nede og dei som bur der.
6 Nake ligg dødsriket for Gud,avgrunnen er utan dekke.
7 Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,hengt jorda opp over ingenting.
8 Han bind vatnet i skyene,men skylaget rivnar ikkje.