7 Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,hengt jorda opp over ingenting.
8 Han bind vatnet i skyene,men skylaget rivnar ikkje.
9 Han løyner trona si,breier skyer rundt henne.
10 Rundt havet dreg han ei grense;himmelranda skil lys frå mørker.
11 Himmelsøylene vaklar,skremde av hans trugsmål.
12 Med si kraft har han rørt havet opp,med sin klokskap knust Rahab.
13 Vinden hans blæs himmelen klår.Handa hans sårar den flyktande slangen.