4 skal leppene mine ikkje tala urettog tunga ikkje bera fram svik.
5 Fri meg frå å gje dykk rett!Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.
6 Eg held på mi rettferd og slepper ikkje,hjartet fordømmer ingen av dagane mine.
7 Lat fienden min stå som skuldig,motstandaren som urettferdig!
8 Kva håp har den ugudelege av det han har vunne,når Gud gjer ende på livet hans?
9 Høyrer Gud klageropa hansnår trengsler kjem over han?
10 Har han si glede i Den veldige?Ropar han seint og tidleg på Gud?