12 Men visdomen, kvar finst han?Kvar har forstanden sin bustad?
13 Mennesket veit ikkje kva forstanden er verd.Han finst ikkje i landet til dei levande.
14 Djupet seier: «I meg er han ikkje»,og havet seier: «Han er ikkje hos meg.»
15 Han kan ikkje kjøpast for det finaste gull,prisen kan ikkje vegast i sølv;
16 han kan ikkje betalast i Ofir-gull,i kostbar onyks eller safir.
17 Han kan ikkje målast i gull eller glas,ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.
18 Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;å eiga visdom er betre enn perler.