16 han kan ikkje betalast i Ofir-gull,i kostbar onyks eller safir.
17 Han kan ikkje målast i gull eller glas,ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.
18 Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;å eiga visdom er betre enn perler.
19 Han kan ikkje målast i topas frå Kusj,ikkje betalast med det reinaste gull.
20 Kvar kjem då visdomen frå?Kvar har forstanden sin bustad?
21 Visdomen er løynd for kvart levande auge,gøymd for fuglane under himmelen.
22 Avgrunnen og døden seier:«Vi har berre høyrt om han.»