5 Jorda ber fram føde,men i djupet blir ho elta rundt med eld.
6 I steinane der nede er safir,der finst det gullstøv òg.
7 Ingen rovfugl kjenner stigen dit,den har ikkje noko falkeauge sett.
8 Der trør ikkje stolte rovdyr,inga løve går på stigen.
9 Mennesket legg hand på harde steinenog endevender fjell frå grunnen.
10 Dei sprengjer seg gangar i berget,og auga får sjå alle slag kostbare ting.
11 Dei stoppar til vassårerog dreg det løynde fram i lyset.