10 For ho stengde ikkje morlivs dører for megog løynde ikkje lidinga for auga mine.
11 Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,anda ut då eg kom frå mors liv?
12 Kvifor tok dei meg på fanget,la meg til brystet for å suga?
13 No kunne eg ha lege i ro,sovna og så fått kvila
14 med kongar og rådgjevarar på jorda,dei som bygde der det no er ruinar,
15 eller med stormenn som hadde gullog fylte husa sine med sølv.
16 Då hadde eg ikkje vore til,lik eit foster som døyr i løynd,lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.