2 Job tok til ords og sa:
3 Bort med den dagen eg vart fødd,den natta det vart sagt: «Ein gut er unnfanga.»
4 Den dagen – lat han bli mørker,så Gud i det høge ikkje spør etter hanog dagslys aldri fell på han!
5 Lat mørker og dødsskugge få han,lat skyer kvila over hanog formørking skremma han!
6 Den natta – lat mørke skuggar ta henneså ho ikkje finst mellom dagane i åretog ikkje kjem med når månader skal teljast.
7 Ja, måtte den natta bli ufruktbarog glederop ikkje høyrast.
8 Lat dei lysa forbanning over henne,dei som manar fram ulukkedagar,dei som kan vekkja Leviatan.