6 Den natta – lat mørke skuggar ta henneså ho ikkje finst mellom dagane i åretog ikkje kjem med når månader skal teljast.
7 Ja, måtte den natta bli ufruktbarog glederop ikkje høyrast.
8 Lat dei lysa forbanning over henne,dei som manar fram ulukkedagar,dei som kan vekkja Leviatan.
9 Lat hennar morgonstjerner slokna,lat ho venta på lys som ikkje kjem,og aldri sjå morgonròden slå auga opp!
10 For ho stengde ikkje morlivs dører for megog løynde ikkje lidinga for auga mine.
11 Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,anda ut då eg kom frå mors liv?
12 Kvifor tok dei meg på fanget,la meg til brystet for å suga?