16 For no er mi livskraft tømd ut,lidings dagar har gripe meg.
17 Natta går gjennom merg og bein,verken gneg utan stans.
18 Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine,hendene hans snører kjortelen om meg.
19 Så kastar han meg i søla,eg er som støv og oske.
20 Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje.Eg står der, og du berre ser på meg.
21 Du har snudd om og vorte vond mot meg,Med di veldige hand går du til åtak.
22 Du set meg til å ri på stormen,braket gjer meg skjelven.