23 Eg veit du fører meg i døden,til huset som samlar alt levande.
24 Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys?Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?
25 Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar?Sørgde eg ikkje over dei fattige?
26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom,eg venta på lys, og det vart mørker.
27 Det koker i meg, ustanseleg.Eg har møtt trengsles dagar.
28 Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol.Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.
29 Eg har vorte ein bror av sjakalar,held lag med strutsar.