6 I ville kløfter held dei til,i jordhòler og grotter.
7 Dei skrik som esel i krattetog klyngjer seg saman mellom tistlar,
8 born av dårar, av folk utan namn,kjeppjaga ut av landet.»
9 Men no er eg spottevisa deira,det er meg dei sladrar om.
10 Dei avskyr meg og vik unna meg,openlyst spyttar dei på meg.
11 Gud løyste bogestrengen min og knekte meg.Difor er dei utan hemningar når dei møter meg.
12 Avkomet deira reiser seg på høgre sida,dei spenner føtene under megog banar veg for ulukka.