2 Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen,kva arv frå Den veldige i det høge?
3 Kjem ikkje uhell til den som gjer urett,rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?
4 Ser ikkje han min veg,tel han ikkje kvart steg?
5 Har eg ferdast i løgn?Har føtene hasta til svik?
6 Lat Gud vega meg på rettferds vekt,så vil han forstå at eg er uskuldig.
7 Om stega mine bøygde av frå vegen,om hjartet følgde der auga flyg,om hendene vart ureine,
8 så lat andre få eta det eg har sådd,lat spirene mine bli rykte opp med rota.