30 Eg lét ikkje munnen synda slikat eg forbanna nokon og ønskte han død.
31 Dei som budde i mine telt, sa då:«Alle blir metta av kjøtet på hans bord.»
32 Ein innflyttar overnatta aldri ute;døra mi var alltid open.
33 Har eg løynt mi synd, slik folk gjer,gøymt mi ugjerning ved barmen
34 fordi eg frykta mengda,var knust av forakt frå slektningarså eg tagde og ikkje gjekk ut?
35 Om berre nokon ville høyra på meg!Sjå, her er mi underskrift, lat no Den veldige svara meg!Om berre motparten min sette opp eit skriv!
36 Då ville eg bera det på skuldrene mine,binda det som ein krans om hovudet!