6 Lat Gud vega meg på rettferds vekt,så vil han forstå at eg er uskuldig.
7 Om stega mine bøygde av frå vegen,om hjartet følgde der auga flyg,om hendene vart ureine,
8 så lat andre få eta det eg har sådd,lat spirene mine bli rykte opp med rota.
9 Om hjartet lét seg lokka av noka kvinneog eg låg på lur ved døra til min neste,
10 så kan kona mi mala korn for ein annanog andre få bøya seg ned over henne!
11 For det ville vera vondskap,ein urett som fortener straff,
12 ein eld som et seg ned til avgrunnen,utryddar alt som veks etter meg.