1 Desse tre mennene heldt opp med å svara Job fordi han såg seg sjølv som rettferdig.
2 Elihu, son til Barakel frå Bus, av Ram-slekta, vart då fylt av harme. Vreiden hans flamma opp mot Job, som meinte seg å vera meir rettferdig enn Gud.
3 Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig.
4 Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.