12 Eg høyrde nøye på dykk,men ingen har vist at Job tek feil,ingen har gjeve han svar på tiltale.
13 Sei ikkje: «Vi har funne visdom hos han.Berre Gud kan vinna over han, ikkje menneske.»
14 For han har enno ikkje retta talen sin til meg,og eg skal ikkje svara han slik de gjorde.
15 Dei er mållause og svarar ikkje meir,orda sviktar dei.
16 Skulle eg venta når dei ikkje talar,når dei berre står der utan svar?
17 Eg òg må ha rett til å tala,eg òg vil seia mi meining.
18 For eg blir fylt av ord,ånda i mitt bryst driv meg.