3 Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig.
4 Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.
5 Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm.
6 Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, og de er gamle.Difor var eg redd,våga ikkje å seia mi meining til dykk.
7 Eg tenkte: «Lat alderen tala,lat dei mange år bera fram visdom!»
8 Men det er ånda som er i mennesket,pusten frå Den veldige, som fører til innsikt.
9 Det er ikkje talet på år som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.