6 Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, og de er gamle.Difor var eg redd,våga ikkje å seia mi meining til dykk.
7 Eg tenkte: «Lat alderen tala,lat dei mange år bera fram visdom!»
8 Men det er ånda som er i mennesket,pusten frå Den veldige, som fører til innsikt.
9 Det er ikkje talet på år som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.
10 Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.
11 For eg venta medan de tala,lytta etter forstandmedan de leita etter ord.
12 Eg høyrde nøye på dykk,men ingen har vist at Job tek feil,ingen har gjeve han svar på tiltale.