17 Kan ein som foraktar retten, dømma andre?Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?
18 Vil nokon kalla kongen ein kjeltring,eller seia: «skuldig» til stormenn?
19 Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar,vel ikkje rikfolk framfor fattige.Dei er alle verk av hans hand.
20 Dei døyr i hast midt på natta,folk blir skaka opp og går til grunne.Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.
21 Guds auge følgjer kvar manns vegar,kvart steg ser han.
22 Ikkje noko mørker, ingen dødsskuggekan løyna dei som gjer urett.
23 Han gjev ikkje lang fristfør mennesket må møta i Guds rett.