4 Så lat oss velja det som er rett,og saman finna ut kva som er godt.
5 Job har sagt: «Eg er rettferdig,Gud har sett min rett til sides.
6 Eg har rett, men blir halden for løgnar.Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»
7 Finst det ein mann som Job?Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.
8 Han reiser i følgje med dei som gjer vondt,og ferdast med dei urettferdige,
9 for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytteav å søkja gunst hos Gud.»
10 Men de forstandige, høyr heller på meg:Det er langt frå Gud å vera urettferdig,og frå Den veldige å gjera vondt.