1 Elihu tok igjen til ords og sa:
2 Tenkjer du at dette er rett,seier du at du er meir rettferdig enn Gud,
3 sidan du spør: «Kva gagnar det meg,kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»
4 Eg skal svara deg og venene dine:
5 Lyft blikket mot himmelen og sjå,legg merke til kor høgt skyene er over deg!
6 Kva gjer det vel Gud om du syndar?Alle dine brot, kva har dei å seia for han?